Program april 2015

Laurdag 25. april kl 1700 Strandebarm skule:  Teaterstykket «KANT»
Ei familieframsyning.
Skodespelar:  Igor Necemer og Sveinung Oppegard.
Regi: Trond Birkedal  Produsent:  Hordaland Teater

Kristoffer er 8 år og tenkjer på verdsrommet.  Er det ein kant ein stad der ute – der verdsrommet sluttar?
Ein tekst som stiller dei store spørsmåla, ein fin time for store og små filosofar.
Billettar: www.billettservice.no  og i døra:  kr 150 vaksne og kr 100 barn

Sundag 26. april kl 1700 Fosse bedehus: «Og aldri skal vi skiljast»
Ei tjue år gamal teaterførestilling møter seg sjølv som ny.
Eit møte, ei reise, eit kryssingspunkt mellom før og no.

Skodepelar: Unni Kristin Skagestad, Bjørn W Andersen og Helga Mjeldheim.
Regi: Kai Johnsen Produsent: Nynorskens hus, Hordaland teater og  BUL
Billettpris: kr 20o
Billettbestilling på SMS nr 92048761 – skriv namn og nr. Det vert også sal av billettar i døra.

«og i husa sit folk og ventar
under skyene og regnet
over molda
mellom tinga sine
under himmelen
og så gjer dei så mykje
for dei vil jo ikkje vente heile tida
men dei ventar
ventar
alt dei gjer
er å vente» 

«Og aldri skal vi skiljast» er det første stykket (skrive raskt etter Nokon kjem til å komme) av Jon Fosse som blei oppført. I utgangspunktet var ikkje Jon Fosse interessert i å skriva for teater i det heile tatt, men  i 1994 byrjar ein straum – frå Fosse si hand kom ikkje mindre enn 30 teaterstykke som for all framtid kjem til å vera ein del av vår litterære fellesarv. I dagens enkle versjon av Og aldri skal vi skiljast møter vi dei same skodespelarane som sto på scenen ved uroppføringa, no har det gått over 20 år, og deira noverande tolking av teksten møter på ulike måtar den opphavlege. Etter førestillinga vert det samtale med regissør Kai Johnsen og skodespelarane om arbeidet og prosessen i og med dette  stykket. 

Les meir om stykket hos Nynorskens hus.
Arr: Fosse-stiftinga
v/ Torgeir Næss, Svein Ove Duesund, Åse Ljones og Arnhild Litleré