Blått svev – Fosse 2021

Tidspunkt: laurdag 13. nov. 2021, kl. 17.00

Billettar og litt til: https://fossedagane.ticketco.events/no/nb/e/blaatt_svev

For andre gong kjem Hildegun Riise og Benedicte Maurseth til Strandebarm med Blått svev. Denne gongen har dei med seg Sigbjørn Apeland på trøorgel.

I 2019 var poesikonserten i Kinckløa og det vart fullt og vel så det. Det er difor lurt å vera tidleg ute og kjøpa billettar (til og med for folk frå Strandebarm).

Blått svev er ein poesikonsert der Hildegun les dikt av Jon Fosse og Benedicte og Sigbjørn føl opp med musikk.

Foto: Thor Brødreskift

Hildegun Riise – skodespelar og regissør

Benedicte Maurseth – felespelar og komponist

Foto henta frå Operatilfolket

Sigbjørn Apeland – organist og musikkforskar (Griegakademiet)