
Fosse-stiftinga lyser for fyrste gong ut gjestekunstnaropphald i Jon Fosse sin barndomsheim på Fosse i Strandebarm hausten 2025.
Ordninga er retta for skrivande innan litteratur- og scenekunstfeltet, og det vert lyst ut to opphald på ein månad kvar for til saman fire kunstnarar.
Bustaden er eit eldre gardshus med gode, men enkle fasilitetar. To kunstnarar vil dele husværet under opphaldet.
Det er mogleg å ha arbeidsrom i bustaden eller på Fosseloftet – eit nyare bygg ved Strandebarm marina. Det er også mogleg å låne eit spartansk stølshus som høyrer til garden.
Strandebarm i Hardanger er ei vakker, lita bygd mellom fjorden og fjella. Her finn ein daglegvarehandel, kafe og uendeleg med turmoglegheiter. Bygda ligg 1,5 timar med bil frå Bergen og ein halvtime frå kommunesenteret Norheimsund.
Kven kan søke:
Profesjonelle, etablerte skjønnlitterære forfattarar, dramaturgar og regissørar. I denne omgang er ordninga retta mot norske kunstnarar som jobbar med tekst.
Vilkår:
Opphaldet er gratis, men Fosse-stiftinga ynskjer at gjestekunstnarane vil bidra til formidlingsprogrammet i Fossehuset med ei opplesing eller presentasjon av eige arbeid mot slutten av opphaldet. Ein får også invitasjon til å komme tilbake med program under Fosse-dagane.
Når:
Det er to moglege opphald å søke på:
29. september-27. oktober
3.november-1.desember
Søknadsfrist: 20. juni. Tilbod vil verte sendt ut innan 25. august.
Praktisk om bustaden:
Gjestekunstnarane vil ha eige soverom og dele kjøkken, stove og bad. Det er to arbeidsrom i bustaden.
Det vert lagt opp til stor grad av sjølvhushald, og ein må stå for matvarer, matlaging og reingjering sjølve. Det er sengeklede og handdukar på staden, og moglegheit for å vaske klede.
Det er tilgang til wifi og skrivar.
Søk om opphald ved å fylle ut Google-skjema du finn her.
Me handsama berre søknader som er send inn via skjema, dersom du har spørsmål ta kontakt på e-post maria.pilesv@gmail.com eller fossestiftinga@gmail.com