Program september 2019

Fredag 20. sept 2019 – Morgon og kveld
Hordaland teater – Det Vestnorske Teateret
Omtale
Stad: Haugatun. Klokka: 1930 Pris: 250 kr

Billettar: https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=316

Laurdag 21. sept 2019 – BLÅTT SVEV – ein poesikonsert
Stad: Kinck-løa. Klokka: 1700 Pris: 200 kr

Billettar: https://fossedagane.ticketco.events/no/nb/e/blaatt_svev__ein_poesikonsert

Laurdag 21. sept 2019 – Dei nye kapellanane
Trygve Åslund, Ragnar Hovland og Jørn Mortensen spelar og syng
Jan H. Landro dreg i trådar og syr i saman
Smakebit
Stad: Kinck-løa. Klokka: 2000 Pris: 250 kr

Billettar: https://fossedagane.ticketco.events/no/nb/e/dei_nye_kapellanane

Omtale – BLÅTT SVEV

Poesikonsert
Blått svev

Stein Urheim, Hildegun Riise og Benedicte Maurseth

Hildegun Riise les dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim.
I 2019 fyller Jon Fosse 60 år. Det er også 25 år sidan han debuterte. I jubileumsåret vert diktarskapen hans heidra både i inn- og utland. Jon Fosse skriv innanfor eit breidt spekter av sjangrar; romanar, teaterstykke, dikt, barnebøker, essay og kortprosa. Likevel er det som om alt heng saman på sitt eige, finstemte vis.
I skrift sirklar diktaren inn menneske sine relasjonar til kvarandre og til verda. Hos Fosse handlar det ofte om å leite etter meining i tilværet. Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken.Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Jon Fosse, med sin særeigne signatur, som kan skape.
For over den finst ein stor himmel.
I alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske. Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vere gyldig i store delar av verda.
Skodespelar og regissør Hildegun Riise, kjend frå Det Norske Teatret,film og tvproduksjonar, er ansvarleg for tekstutvalet.
Felespelar og komponist Benedicte Maurseth og gitarist og komponist Stein Urheim er ansvarlege for nye musikalske tolkningar og komposisjonar til Fosses poesi.

Alle tre har òg tidlegare arbeidd med dette mangslungne tekstuniverset.
Hildegun Riise som skodespelar i fleire teaterstykka til Fosse i tillegg til å formidle poesien hans. Ho har òg dramatisert og regissert romanen Morgon og Kveld for Nationaltheateret.
Benedicte Maurseth medverka både som musikar og komponist i denne produksjonen frå 2015.Maurseth var òg med som musikar og komponist i sceneversjonen av Andvake ved Det Norske Teatret i 2009. Ho har elles samarbeidd med Jon Fosse som opplesar ved fleire høve.
Stein Urheim og Benedicte Maurseth samarbeidde fyrste gong på tingings- verket Åresong, uroppført ved Festspillene i Bergen i 2010 med tekstar av jon Fosse og musikk av Gabriel Fliflet.Urheim medverka også musikalsk til teaterstykket Nokon kjem til å komme ved Riksscenen i Oslo 2019.
Om utvalet av dikt seier Hildegun Riise: « Det har vore utfordrande å skulle gjere eit utval blant alle dei sterke dikta i forfattarskapen. Eg har valt dikt som lenge har vore som skattar for meg, men òg tekstar som har festa seg i meg gjennom dette arbeidet; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst.
Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg. Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det så og seie språklause.»